a-woila
ostebob
mandag 6. mai 2013
Hundeliv
Mannen min forlot meg i går, iallefall til i kveld. Han er nemleg lastebilsjafør, og vitterleg vonbroten vart eg då eg fekk vite han heller ønskte å tilbringe søndagen bak lastebilrattet framfor å vera saman med meg. Men, som den gode kjærasten eg er tok eg det med eit smil, iallefall til han var foren, då eg rakst kraup saman i fosterstilling. Det har seg nemleg slik at eg er noko over gjennomsnittet redd for mørket. Eg veit det ikkje er særleg mørkt på denne tida av året, men når ein som meg har livleg fantasi er det utrulig kor mange skuggar det oppstår rundt leggetid. Det har seg nemleg slik at når eg skal sova aleine samlar tankane mine seg raskt rundt ein eller fleire av dei tre skrekkfilmane eg har sett. Desse filmane har traumatisert meg for livet og høgt på lista over mine største mareritt er som følgande og i stigande rekkefølge; små jenter med langt svart hår, klovnar, menner med motorsag og til slutt dukker. Vidare har eg også ei stor frykt for at det skal velte hender ut av hovudskallen min når eg står i dusjen, dette har eg nemleg sett på reklame! Etter å ha kontrollert alle romma i huset (ja alle skuffer og skåp), samt kontrollert at døra er låst både ein og to og tre gongar, barikaderar eg meg på rommet. Dette er ein lang og stressasam prosess, så når eg har lagt meg til rette i senga har eg i regelen opparbeida meg ein god puls og svettebrøt. Som den positive personen eg er anser eg dette som ei god treningsøkt og tenker at eg no har gjort meg fortent til potetgullposen eg fortærte tidlegare på kvelden (eg har nemleg også sett på film at det er vanleg å trøstespise når ein vert forlatt). Deretter vert eg i regelen liggande og sjå for meg korleis valle-mordaren kjem til å ende livet mitt. Som dykk sikkert sjønnar har fantasien min ein tendens til å ta meg med på ein rundtur over alle dei skrekksenarioa eit menneske kan verte utsett for. Men eg har no funne at hunden min kan vera ein god distraksjon og ein rett so god manne-substitutt. Ho har nemleg ganske mange likhetstrekk med dei fleste menn eg kjenner: Ho vel helst å late vatnet i skogen (eg har observert at mange menn vel å vente med å urinere til dei har gått ut, framfor å bruke tid på å late opp og att toalettlokket og i tillegg måtte vaske hendene sine etterpå), ho er glad i å kysse (men på tross av at ho gjer ein iherdig insats, har eg opplevd betre), ho likar å ligge å dra seg på sofaen (ho kan vere rett så koseleg, men helst riggar ho seg til bak meg og forsøkar å dytte meg ut av sofaen for å få betre plass), ho har flatulens-avgang i både tide og utide (for dykk som ikkje veit kva dette begrepet inneber, har eg på sjukepleiestudiet lært at dette er det samme som å "fjerte", "prompe", eller eventuelt å "gørte"), vidare er ho også svært så glad i å vere ute i regnet, rulle seg i gjørma, bade og andre vannbaserte aktivitetar, samtidig som ho skyr dusjen som om det skulle vera syre. Min jentehund er med andre ord meir mann enn dei fleste menn! *stolt*. Ho fekk derfor tillatelse til å barikadere seg saman med meg på soverommet mitt i natt, som ein beskyttelse for Valle-mordaren. Dette var ei oppgåve ho tok rett så alvorleg, heilt til ho sovna. Før ho sovna la ho seg til like pertentleg som min tilkomne. Som han har ho nemleg konkludert med at ein for å unngå å verte sparka ut av senga i løpet av natta, bør halde god klaring, ikkje bevege for mykje på seg og å lage minst mogleg lydar. Den siste regelen hadde ho diverre vanskar med å overhalde. Eg har innfunne meg med den utidige flatulensavgangen, men at ho snorkar så mykje som ho gjer i løpet av natta og i tillegg gnissar tenner kunne eg klart meg utan. No som eg har fått natta litt på avstand og ei ny ei er på veg har eg derimot starta å settje spørsmål kring hennar evne til å ivareta meg i ein krisesituasjon. På lik linje med at eg er over gjennomsnittet redd for mørket, er ho over gjennomsnittet glad i mennesker. Kvar gong nokon entrar leiligheta vert ho så glad at ho spinn rundingar rundt dei, og dersom ho mot all formodning skulle verte skremd av vedkommande gjøymer ho seg bak ho matmor. For framtida kryssar eg difor fingrane for at Valle-mordaren er allergisk mot hundar!
Abonner på:
Kommentarer (Atom)