a-woila

a-woila
ostebob

tirsdag 17. januar 2012

Potetgull - ein liten refleksjon.

Jau, vi lærer då mykje om kor viktig det er å reflektere over ulike situasjoner ein kjem opp i kvardagen. Ein må nytte sine ibuande verdiar og haldningar for å kommunisere med andre på ein tilfredsstillande måte. Men so begynnte eg å tenkje. Eg brukar kanskje like mykje tid på mat i løpet av dagen som eg nyttar på å samhandle med andre mennesker. Anten så kjøpar eg mat, eller så lagar eg mat, eller så tenkjer eg på kva eg skal kjøpe av mat eller korleis eg skal tilbereide maten, eller kanskje er eg svolten? Eller så et eg, eller eg tenkjer at eg er mett, eller eg har ete for mykje mat, eller at eg må trimme fordi eg har ete for mykje.. I det heile brukar eg ein god porsjon (tog du an..?) av min dag kring emnet ernæring. Difor har eg no gjort meg nokre tankar om dette. Eg er glad i mat. Eg likar å lukte på den. Eg likar å smake på den. Eg likar måten den fyller matholet på. Og eg likar å vere mett. Når ein er mett er ein nøgd og når ein er nøgd er ein glad og når ein er glad er ein snill og når ein er snill behandlar ein dei rundt seg på ein god måte. Difor synest eg at all samhandling bør starte med å innta eit måltid. Men tenk om ein vert for mett? Då får eg vondt i magen og når eg får vondt i magen då vert eg grinete og når eg vert grinete sutrar eg og når eg sutrar er eg ikkje triveleg å vere saman med.

Alle desse tankane strøyma inn i meg og rasa rundt i hovudet mitt i ei forykande fart berre fordi eg kjøpte potetegull på butikken i dag. Det er slitsomt å vere meg..

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar