a-woila

a-woila
ostebob

tirsdag 15. mai 2012

likar, likar ikkje

Eg likar at det snart er sumar:) Eg likar ikkje at det framleis kjennast ut som det er januar! Eg likar snus og øl:) Eg likar ikkje snus saman med øl! Eg likar å vere på fjellet:) Eg likar ikkje å gå dit! Eg likar å bake:) Eg likar ikkje når Berge-guten seier at maten min ikkje er like god som mor hannar sin når eg har stått heile dagen på kjøkkenet og laga mat!!!!! Berge: Du har herved hamna på mi svarteliste og eg har ikledd meg mine beste ulltruser! Når dette er sagt går eg ut i frå at dykk andre gjerne skulle smaka mine bakarverk og eg ynskjer dykk velkomne. I dag har eg nemleg laga kransekakestenger, duppa jordbær i både kvit og mørk sjokkolade, samt baka to riktig så store loffar. Alt dette for min kjære, som i staden for å prise meg som den gudinna eg er, vel å kritisere mine kransekakestenger. Dette finn eg aldeles urettvist og legg meg føre, med leppa godt under knenivå! Trøstande ord tek eg i mot med velvilje!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar