Dette innlegget vil eg gjerne få dedikere til kremen av norsk ungdom, som er særs skuffa over mitt val av målform.
Eg vil på det høgaste beklage dette, men etter mi erfaring har dei som nyttar bokmål heller store vanskar med å forstå vår fagre målform. Aller helst kunne eg tenkje meg å føre denne bloggen på tysk, som er ein av min favorittar, men sidan mine tyskkunnskapar no begrensar seg til "ich habe hunger", kunne dette ha vorte ein noko begrensa blogg. Sjønnt, eg er glad i mat.. Min favoritt for øyeblikket er Stranda Mør. Elles er eg svært begeistra for pølse (ønskjer ingen skittne kommentarar på dette). Det kunne eg ete både til frukost, middag og kvelds. Men etter at eg inførte tradisjonen "mannemiddag", har eg diverre måtte slå meg til ro med at dette ikkje er ordentleg føde for ein viking.
Eg ser forøvrig at dykk set pris på biletet eg har lagt ut. Denne skyggelua er eit av dei betre kjøpa eg har gjort i løpet av dei seinare åra. Den var opprinneleg kjøpt til min eldste nevø, men har no vorte nedarva til min yngste. Han vil veldig gjerne dele dei ulike skyggeluene han har, men akkurat denne får eg ikkje låne. Dette gjer meg ganske snurt og eg synest at no som han tross alt er fylt 3, bør vise forståelse for mine behov. Men ein lyt ta vare på dei gode minna og eg tenkte at dette var eit eg ville dele med dykk.
JAAAAA! EG ELSKAR DETTE!!!
SvarSlett- a-man
PS: MEIR NYNORSK PLEASE! EG ELSKTE
Eg lovar, eg skal skrive fleire inlegg på nynorsk. Det forrige var tydlegvis ein hitt:) Eg saknar deg A-man<3
SvarSlett