a-woila

a-woila
ostebob

tirsdag 7. februar 2012

Feber, magesjau å haudverk.. A combination to die for.. Evt. av..

Ja, so ligg eg her da! Kan vell skylde meg sjølv, som her ein dag kom med påstanden om at eg aldri vert sjuk for tida. Ikkje ein gong snus fristar, noko som i seg sjølv er serdeles deprimerande. Snus hjelp liksom mot alt, om ein er stressa, om ein kjedar seg, om ein er svolten og ikkje har råd til mat, men tydlegvis ikkje mot dette. Å dersom du lurar, ja absolutt, dersom valet står mellom mat og snus fell valet på skruff orginal porsjon. Lett! So no set eg her å kikar på snusboksen og tenkjer: "sukk, eg saknar deg min gode ven".Eg synast alltid synd i meg sjølv når eg vert sjuk og mang ein gong har eg ønska at herren skal hente meg heim når eg har det slik. For kva er vell poenget med å leve når ein kan ha det so vondt å i tillegg ikkje kan nyte ein snus for velbehag. Men mest av alt synast eg synd i min kjære som etterkvart ikkje får jobbe lenger og faktisk må komme heim til meg. Når eg vert sjuk er eg ikkje akkurat like sjarmerande som til vanleg. Og i og med at han forleden dag kom med påstanden om at eg er ein hypokondar, har han ikkje akkurat gjort det enkelt for seg sjølv. Han kjem nok til å gå ein heilaften i møte med krav om å:
- massere meg i nakken, etterfulgt av skjenn fordi at han må forstå at han ikkje kan massere meg når eg har vondt i huda ! doh, eg får alltid vondt i huda når eg har feber..
- skifte på meg klede nå eg vert svett, vaske meg på ryggen, luske meg i håret og naturlegvis bytte dyne meg med til natta dersom mi vert svettete..
Nei, vent.. Eg ser lyset.. Farvell mine gode vener.. Åh foresten, det var ikkje frelsaren, det var min bror bjørnen:)

2 kommentarer: