a-woila

a-woila
ostebob

torsdag 1. mars 2012

Javellja..

Etter oppfordring frå min gode venn (og HELT) Malin Andrea kjem det no ei, tydligvis etterlengta, oppdatering frå Bonsaksen-fronten.

Her i Ålesund lev eg livets glade dagar, med korte dagar på skulen, søte farmasøyt-forelesarar, varme i omnen og Cougar Town på TV'en. Men... Eg har fått eit lite problem. Eg har ein stykk kanin med skabb, men ingen støvsugar. Du forstår:
Eg fekk besøk av min gode nabo forleden dag, som tydelegvis, på tross av språkbarriæra (han er av indisk opprinnelse), klarar å formidle at han ønskjer å benytte seg ta fleire av Bonsaksen/Berge sine fasilitetar. Per dags dato har han berre tatt kontakt dersom han ønskjer å låne noko eller å få kople seg på vår internett. Så no har eg altso, dumsnill som eg er, lånt vekk min støvsugar og det ser ikkje ut for at eg får den att. Resultatet av dette er at stova mi no ser ut som om den ikkje inneheld ein stykk barsk manne-kanin, men i tillegg hannar avkom, hannar avkoms avkom, og muligens 3 generasjonar til. Dette er ikkje populært når du har ein kjærast, som har fobi mot alt hår som ikkje er festa til ein gitt kroppsdel og som i tillegg har mest lyst til å legge kaninen ut på togskinnene, fordi han anten held på å ete seg veg ut av buret eller prøvar å pare matskåla. Så då sit eg her da, med ein stykk vårkåt kanin i bur og heile Noas-ark på teppet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar