Då eg gjekk av bussen forleden dag såg eg eit syn eg sjeldan vil gløyme. Kvinna som gjekk forann meg hadde næmleg farga håret sitt lilla, og eg tenkte: javellagå. Heilt til eg oppdaga dunjakka! Den var nemleg i nøyaktig lik fargenyanse som håret:O Dagen der på, då eg igjen skulle ta bussen, såg eg ei ny kvinne. Og ho hadde farga, raudt hår og raud jakke i nøyaktig lik nyanse. Og eg undrast.. Er dette den nye trenden?
I alle tilfeller har dette vore ein verkeleg augeopnar for meg. I påska si and har eg difor bestemt meg for å invistere i ei gul dunjakke og farge håret mitt gult *påskeschylling-smilefjæs**hjerte*
God påske alle saman:)
a-woila
ostebob
lørdag 31. mars 2012
mandag 12. mars 2012
Dagens helt: Kaptein Bonsaksen!
Dykk som kjenner meg frå gamalt av hugsar nok min gode ven "super yota'n". For omlag eit år sidan gjekk denne av med døden etter eit stygt møte med bilopphøggaren på Giskemo. Mong ein gong har eg tenkt tilbake på alle dei gode stondene vi hadde saman og dei mange fine turane vi var på. Super yota'n var det eg vil kalle ein gamal klassikar. Den var liketil same årsmodell som meg. Den var svart, litt kvit, og treee meter lang (sorry for den, kunne ikkje dy meg). Den hadde då sine manglar, men ingen som ikkje litt gaffa-tape kunne reparere. Saknet er stort, så absolutt! Dette var då tross alt den flottaste skuta på heile Sunnmøre.
Der finst eit gamalt ordtak som lyder noko slikt som "tiden leger alle sår", men eg har funne at ein stykk sunnmørsk kaptein (aka. min far), ikkje berre lekjer såra, men i tilegg fjernar alt av arr. Du forstår: I dag, medan eg var på skulen (jau, eg er då altså ein meget flittig student), fekk eg, utan forvarsel, telefon frå min far om at han har kjøpt ein ny bil som eg og min bror bjørnen skal få disponere. Og HALLELUJA, det er ein Toyota Corolla:D
Ode til far:
Eit dikt skal skrivast i din ære,
slik som du burde alle være.
Far, kaptein og sunnmørs-bonde,
gode gjerningar, ingen vonde.
Du fostrar opp både born og dyr,
når du kjem heim står alt i fyr.
Du ordnar ut og passar på,
sagar tre og må markane slå.
Arbeidar hardt frå tidleg til seint,
du målar opp og alt blir beint.
Styrar skuta trygt i havn,
det vil bli hugsa ditt fagre navn.
Kjøper framkomstmiddel av ypperste klasse,
så dine born dei slepp å vasse.
Toyota Corolla, det kan eg like,
ho takkar deg no di vesle pike.

torsdag 1. mars 2012
Javellja..
Etter oppfordring frå min gode venn (og HELT) Malin Andrea kjem det no ei, tydligvis etterlengta, oppdatering frå Bonsaksen-fronten.
Her i Ålesund lev eg livets glade dagar, med korte dagar på skulen, søte farmasøyt-forelesarar, varme i omnen og Cougar Town på TV'en. Men... Eg har fått eit lite problem. Eg har ein stykk kanin med skabb, men ingen støvsugar. Du forstår:
Eg fekk besøk av min gode nabo forleden dag, som tydelegvis, på tross av språkbarriæra (han er av indisk opprinnelse), klarar å formidle at han ønskjer å benytte seg ta fleire av Bonsaksen/Berge sine fasilitetar. Per dags dato har han berre tatt kontakt dersom han ønskjer å låne noko eller å få kople seg på vår internett. Så no har eg altso, dumsnill som eg er, lånt vekk min støvsugar og det ser ikkje ut for at eg får den att. Resultatet av dette er at stova mi no ser ut som om den ikkje inneheld ein stykk barsk manne-kanin, men i tillegg hannar avkom, hannar avkoms avkom, og muligens 3 generasjonar til. Dette er ikkje populært når du har ein kjærast, som har fobi mot alt hår som ikkje er festa til ein gitt kroppsdel og som i tillegg har mest lyst til å legge kaninen ut på togskinnene, fordi han anten held på å ete seg veg ut av buret eller prøvar å pare matskåla. Så då sit eg her da, med ein stykk vårkåt kanin i bur og heile Noas-ark på teppet.

Abonner på:
Kommentarer (Atom)