Dykk som kjenner meg frå gamalt av hugsar nok min gode ven "super yota'n". For omlag eit år sidan gjekk denne av med døden etter eit stygt møte med bilopphøggaren på Giskemo. Mong ein gong har eg tenkt tilbake på alle dei gode stondene vi hadde saman og dei mange fine turane vi var på. Super yota'n var det eg vil kalle ein gamal klassikar. Den var liketil same årsmodell som meg. Den var svart, litt kvit, og treee meter lang (sorry for den, kunne ikkje dy meg). Den hadde då sine manglar, men ingen som ikkje litt gaffa-tape kunne reparere. Saknet er stort, så absolutt! Dette var då tross alt den flottaste skuta på heile Sunnmøre.
Der finst eit gamalt ordtak som lyder noko slikt som "tiden leger alle sår", men eg har funne at ein stykk sunnmørsk kaptein (aka. min far), ikkje berre lekjer såra, men i tilegg fjernar alt av arr. Du forstår: I dag, medan eg var på skulen (jau, eg er då altså ein meget flittig student), fekk eg, utan forvarsel, telefon frå min far om at han har kjøpt ein ny bil som eg og min bror bjørnen skal få disponere. Og HALLELUJA, det er ein Toyota Corolla:D
Ode til far:
Eit dikt skal skrivast i din ære,
slik som du burde alle være.
Far, kaptein og sunnmørs-bonde,
gode gjerningar, ingen vonde.
Du fostrar opp både born og dyr,
når du kjem heim står alt i fyr.
Du ordnar ut og passar på,
sagar tre og må markane slå.
Arbeidar hardt frå tidleg til seint,
du målar opp og alt blir beint.
Styrar skuta trygt i havn,
det vil bli hugsa ditt fagre navn.
Kjøper framkomstmiddel av ypperste klasse,
så dine born dei slepp å vasse.
Toyota Corolla, det kan eg like,
ho takkar deg no di vesle pike.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar