a-woila

a-woila
ostebob

fredag 20. juli 2012

Heheeei:)

Eg tenkte at eg måtte gi dykk ei lita oppdatering over kva eg har gjort i sumar. Sumaren starta med ei vekes besøk av min yngste nevø, då foreldra fann det for godt å reise til Venezia. Mistforstå meg rett, vi hadde det rett så triveleg heime i kalde Noreg vi. Vi tilbrakte store delar av veka på sofaen saman med Scooby doo. And let me tell you, det er sanneleg ein stykk intelligent hund! Eg kunne gjerne tenkt meg besøk av Scooby då eg no er overtydd om at kaninen min går att i leiligheita. Eg er forøvrig ikkje sikker på om han er død, men eg har gitt han vekk og er ganske sikker på at han ikkje overlevde første natta i ny heim... Den andre veka tilbrakte vi i Eikesdalen i Camp Hagås. På dagtid mekka vi spikertelt til campingvogna til systra mi og på kveldstid gjekk det med overaskande store mengder alkohol. Og tru meg.. Hagås-klanen er ikkje så reint tamme etter at klokka bikkar fire på ettermiddagen. Resten av sumaren har eg rocka heimesjukepleien. I tillegg til dette har eg og Stinebons planlagt og gjennomført utdrikkingslag for syster Irene. Stor SUKSESS og ein verkeleg augeopnar for meg sjølv! Kven skulle vell tru at småbarnsmødre som tilbringjer dagane med å vaske hus, klede og barnerumper kunne vere så "skitne"..? (note to self. fan e bjyn å bli go på ordspel.) Med andre ord. Ein riktig så innhaldsrik sumar. Og eg har meir i vente! Til helga skal eg i gebursdagsselskap til mi kjære G-man og i august/september forlet vi Steinvågen og flyttar til Valle. Gledar meg stort til begge deler!!:) Sumarklem frå minstebons<3

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar