a-woila
ostebob
fredag 7. desember 2012
Svartedauden anno 2012!
Apropo svartedauden lizzom, eg har fått den. Eg har no lagt i 5 dagar med feber (så høg at eg steikte meg bacon og egg til nattmat, på EGEN BAK), hoste (så intens at eine lunga mi spratt ut i går), smerter i halsregionen (så ille at eg i skrivande stund vurderar å amputere), hovudverk (denne kan forøvrig kurerast ved ein eventuell amputasjon av hals), kvalme (som førte til at det danna seg vakum i toalettet- grunna, ja nemleg, mitt hovud!) og verst av alt eg har ikkje ein gong lyst på snus. Derav diagnosen svartedauden. Så eg bestemte meg då for å ta meg ein tur til legekontoret og må diverre meddele at også dei har havna på mi svarteliste. Nokså ironisk så kan dette få ganske stygge konsekvensar i og med at eg no har fått, ja nettopp, svartedauden. Note to self: begynn å bli ganske god på ordsspel. Scena som utspelte seg ved legekontoret var som følgande: eg kom inn, presis vel og merke, for så å sitte å vente i 45 min før eg slapp inn til legen. Dette er ergelig nok i seg sjølv, men det bøter ikkje på at konsultasjonen med legen tok ca 30. sekund. Vidare vart eg send til labben for taking av blodprøve, nærare bestemt CRP. Resultatet frå CRP: under 8 og konklusjonen var at det ikkje er noko gale med meg. SERRIØST?! Eg kan med sikkerheit sei at dersom CRP-maskina hadde eksistert under svartedauden hadde alle vorte friskmeld. Og vi veit då alle kva resultatet av denne lidelsen vart. Men not to worry, hevnen er søt. Før eg forlot legekontoret slikka eg på alle dørhandtaka for å vere sikker på at svartedauden skulle ramme dei ansatte ved legekontoret like hardt og brutalt som meg sjølv. So kan dei måle egen CRP når dei har hovudet godt planta ned i dasskåla.
Adjø mine gode vener, enden er nær og frå her eg står er det ikkje lys innerst i tunellen, den er svart som natta..
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar