a-woila

a-woila
ostebob

tirsdag 11. desember 2012

Julegavetips

Høyr no! Eg er endeleg ferdig med mappeinnleveringa mi som skal innleverast i dag. *glede* (Men denne skulle vise seg å vere kortvarig). Eg var klar som eit egg og skulle skrive det ut. Men det syner seg å ikkje vere enkelt! Eg kan sverge på at skrivaren min vil meg til livs! For å førebu meg til utskrivinga har eg, eller rettare sagt Berge-hynen, invistert i heile fire patronar med printerblekk, eg har rensa printerhovudet, ja alt etter føreskriftene. Som dykk forstår manglar det ikkje på god skrivar-behandling her i heimen. Men då eg skulle skrive dei ut i går kveld slo han seg på tverka og hadde nok ein gong slukt den svarte og (for ein eller anna merkeleg grunn) den rosa patrona. Og eg berre KA FAEN? Han er mannevond skrivaren min. Difor set eg no og anar ikkje mi arme råd. Eller jo eg gjer då faktisk det. Fyrst må eg vente på at Lefdal (ps. tels dette som reklame?) skal opne, kjøpe patroner, kjøyre heim, skrive ut, stifte saman blekkene, kjøyre til skulen, og deretter levere inn og signere. Det er rett stressasamt og eg utelukkar ikkje eit lite hjerteatack ut i vegane. I tillegg har herren bestemt seg for at dette var ein fin dag og opne himmelen og gnure hovudbottenen godt. Det er med andre ord ein halvmeter, minst, med snøv ute. Dette er ikkje min kjære superyota heilt fornøgd med, då han ikkje akkurat er dreven på snøvføre. Nok ei dødsfelle eg skal utsettast for. I sitt Bonsaksen-komplott har altso skrivaren min klargjort ein labyrint av dødsfeller for å sikre seg at eg aldri skriv ut eksamensoppgåver igjen. Men no gjekk det akkurat opp for meg kvifor. Eg hadde gløymt at skrivaren er besatt av Ivar Aasen (som naturleg nok ikkje likar at eg har skrive oppgåva i bokmål). Det forklarar saken. Tilgi meg Ivar, eg skal aldrig gjere det igjen<3

fredag 7. desember 2012

Svartedauden anno 2012!

Apropo svartedauden lizzom, eg har fått den. Eg har no lagt i 5 dagar med feber (så høg at eg steikte meg bacon og egg til nattmat, på EGEN BAK), hoste (så intens at eine lunga mi spratt ut i går), smerter i halsregionen (så ille at eg i skrivande stund vurderar å amputere), hovudverk (denne kan forøvrig kurerast ved ein eventuell amputasjon av hals), kvalme (som førte til at det danna seg vakum i toalettet- grunna, ja nemleg, mitt hovud!) og verst av alt eg har ikkje ein gong lyst på snus. Derav diagnosen svartedauden. Så eg bestemte meg då for å ta meg ein tur til legekontoret og må diverre meddele at også dei har havna på mi svarteliste. Nokså ironisk så kan dette få ganske stygge konsekvensar i og med at eg no har fått, ja nettopp, svartedauden. Note to self: begynn å bli ganske god på ordsspel. Scena som utspelte seg ved legekontoret var som følgande: eg kom inn, presis vel og merke, for så å sitte å vente i 45 min før eg slapp inn til legen. Dette er ergelig nok i seg sjølv, men det bøter ikkje på at konsultasjonen med legen tok ca 30. sekund. Vidare vart eg send til labben for taking av blodprøve, nærare bestemt CRP. Resultatet frå CRP: under 8 og konklusjonen var at det ikkje er noko gale med meg. SERRIØST?! Eg kan med sikkerheit sei at dersom CRP-maskina hadde eksistert under svartedauden hadde alle vorte friskmeld. Og vi veit då alle kva resultatet av denne lidelsen vart. Men not to worry, hevnen er søt. Før eg forlot legekontoret slikka eg på alle dørhandtaka for å vere sikker på at svartedauden skulle ramme dei ansatte ved legekontoret like hardt og brutalt som meg sjølv. So kan dei måle egen CRP når dei har hovudet godt planta ned i dasskåla. Adjø mine gode vener, enden er nær og frå her eg står er det ikkje lys innerst i tunellen, den er svart som natta..