a-woila
ostebob
tirsdag 11. desember 2012
Julegavetips
Høyr no! Eg er endeleg ferdig med mappeinnleveringa mi som skal innleverast i dag. *glede* (Men denne skulle vise seg å vere kortvarig). Eg var klar som eit egg og skulle skrive det ut. Men det syner seg å ikkje vere enkelt! Eg kan sverge på at skrivaren min vil meg til livs! For å førebu meg til utskrivinga har eg, eller rettare sagt Berge-hynen, invistert i heile fire patronar med printerblekk, eg har rensa printerhovudet, ja alt etter føreskriftene. Som dykk forstår manglar det ikkje på god skrivar-behandling her i heimen. Men då eg skulle skrive dei ut i går kveld slo han seg på tverka og hadde nok ein gong slukt den svarte og (for ein eller anna merkeleg grunn) den rosa patrona. Og eg berre KA FAEN? Han er mannevond skrivaren min. Difor set eg no og anar ikkje mi arme råd. Eller jo eg gjer då faktisk det. Fyrst må eg vente på at Lefdal (ps. tels dette som reklame?) skal opne, kjøpe patroner, kjøyre heim, skrive ut, stifte saman blekkene, kjøyre til skulen, og deretter levere inn og signere. Det er rett stressasamt og eg utelukkar ikkje eit lite hjerteatack ut i vegane. I tillegg har herren bestemt seg for at dette var ein fin dag og opne himmelen og gnure hovudbottenen godt. Det er med andre ord ein halvmeter, minst, med snøv ute. Dette er ikkje min kjære superyota heilt fornøgd med, då han ikkje akkurat er dreven på snøvføre. Nok ei dødsfelle eg skal utsettast for. I sitt Bonsaksen-komplott har altso skrivaren min klargjort ein labyrint av dødsfeller for å sikre seg at eg aldri skriv ut eksamensoppgåver igjen. Men no gjekk det akkurat opp for meg kvifor. Eg hadde gløymt at skrivaren er besatt av Ivar Aasen (som naturleg nok ikkje likar at eg har skrive oppgåva i bokmål). Det forklarar saken. Tilgi meg Ivar, eg skal aldrig gjere det igjen<3
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar