a-woila

a-woila
ostebob

torsdag 11. april 2013

Hvorfor kjøre skoda når du kan gå da? For faen!?

Det var det eg viste at det ikkje løna seg å gå på skulen. Ein forsøkar å presentere eit godt arbeid og vera flittig, men kva er lønna? Jau, det skal eg dela med dykk! Det er nærare 2 timar inneparkert av ein skoda det! Den fyste halvtimen eg venta benytta eg til å forsøke å kontakte biltilsynet (der var eg nr. 36 i køa). Då eg endeleg fekk kontakt med dei fekk eg oppgitt eit namn som eg kunne ringe. Eg ringte og havna av alle ting hos eit bilutleigefirma i Molde. Javell tenkte eg. "Har du leigd ut bilen din til ein som manglar sertifikatet" spure eg. "Nei, slik ville I allder ha jort, I e da iche dom som en steen heller.. De må værra sa luringanj i Ålesunj de serru". "Javoll, kan eg få telefon nummeret?". "Klart du kanj". "Takk som byr, det var deiligt- Adjø". "Adjø". Deretter kontakta eg Herts i Ålesund som med skam innrømte at dei hadde lånt ut ein av sine bilar til ein som per dags dato ikkje satt inne med førarkort grunna utmerka dårleg evne til å parkere. Klassisk Herts! Dei ville diverre ikkje utlevere namnet på låntakaren så eg kunne få gi han ei retterleg skolding, men ville derimot kontakte han sjølv. "Javoll" sa eg. Den siste halve timen benytta eg til å lese meg opp på diverse mestringsteoriar. Etterkvart som eg hadde lese meg opp på emnet konkluderte eg med at eg ikkje hadde evner til å mestre denne situasjonen (i alle tilfeller ikkje på ein heilt gunstig måte). Men i det eg rigga meg til for å parkere ein liten ein på frontruta til vedkommande kom til hell og lykke eigaren av bilen ved sidan av meg og kjaure i veg slik at eg fekk fri passasje.

tirsdag 9. april 2013

Candyman

Då har eg altso heve meg på 90-tals bølga. Eg går ut i frå dette vil glede ein av mine faste følgjarar og næraste kjendis-venn, Aqua-Lene. Særleg sidan eg har benytta den siste halvtimen til å lytte til, ja nettop Aqua, sine mange slagarar. Min desiderte favoritt må vera låta "Lollipop"- eller Candyman som den kallast blant oss Aqua-groopies. Men medan eg sat og naut denne songen festa det seg ein tanke i hovudet mitt som eg har hatt vanskar med å forkaste. Eg har ved fleire anledningar funne at bloggen er eit fint utløp for uønska tankar, så difor har eg beslutta å dele det med dykk. Eg tok nemleg meg sjølv i å livleg fantasere om at min tilkomne var ein sjokolade, og derifrå har det bere utarta seg. Eg vart setande å sjå på han, og klarte ikkje å slutte å glise fordi han ville utgjort ein slager i godtehylla på Tanken (dette er bensinstasjonen på Valle). Eg skulle nok ha begynt med dei mindre vitale delane, som f.eks tåballane, men sakte men sikkert ville eg jobba meg oppover. Det ville naturleg nok vore ein tidkrevjande prosess før eg vart ferdig, det er då tross alt ikkje berre enkelt å fordøye ein 70 kilos Troyka (særleg sidan eg er laktoseintolerant). Men til slutt ville det berre vere øyrene og munnen att. Desse skulle eg spara så han kunne halde med meg selskap. Det ville forøvrig vera svært! Då kunne eg putta han i handveska og hatt han med meg kvar enn eg skulla. Eg ser for meg kor sjov det hadde vore å presentert han for andre. Det hadde vore litt av eit samtale emne, men eg veit ikkje om det hadde blitt nokon vidare samtale etter at eg hadde vist dei innhaldet i veska mi. Det er ein forbannelse å leva i mitt hovud..

torsdag 4. april 2013

Smartebesta

Den siste timen har eg lagt Bacheloroppgåva på hylla og lest meg opp på debatten om "romfolket", som har vore so i vinden den siste tida. Eg meinar dei er eit rett så fasinerande folkeslag som ragar høgt på mi helte-liste! Som snart feridg sjukepleiar, og i Kari Martinsens and (også ein av mine heltar) meinar eg at det er etisk og moralsk korekt at vi syner desse menneska sympati. Tidligare i vinter las eg ein link på face, kvar det vart hevda at "romfolket" tek i bruk rusmiddlar for å roe borna sopass at dei ligg stille medan dei tiggar. VG viser derimot til forskning som konkluderar med at dette er usanne, antisiganistiske rykter, som bidreg til å skape hat mot romfolket. Eg snur skinka mi mot hatet og støttar VG <3 Samstundes vil eg benytte anledninga til å ønske "romfolket" velkommen til Valle og min/vår bakhage (eg må muligens ta dette opp med mine naboar, men henvendelsar kan meldast her). Vidare må eg også påpeike at min hage eigentleg ikkje er ein hage enno. Den opptrer per dags dato som eit gjørmehol. Men den har på den andre sida god utsikt! Mot sjøen eine vegen, og inn på soverommet til nabon andre vegen. Retterleg ein fryd for auget:D Dersom eg får godt oppmøte vil eg gjerne få oppfordre "romfolket" til å følge sine røter og lage litt skoj. Eg har lese ei bok som omhandlar sigøynarar og dei var retterleg dyktige underhaldarar. Det kan vere ganske langtekkeleg å sete heime å jobbe med bacheloroppgåva, så dette ville verkeleg bidra til å sprite opp kvardagen til ein stakkarsleg student. Eg vil herved ønske "romfolket" velkommen til valle og min bakhage <3 Dette er muligens det første blogginlegget eg har med saklig innhald: Stolt - much? Oh yes