a-woila
ostebob
tirsdag 9. april 2013
Candyman
Då har eg altso heve meg på 90-tals bølga. Eg går ut i frå dette vil glede ein av mine faste følgjarar og næraste kjendis-venn, Aqua-Lene. Særleg sidan eg har benytta den siste halvtimen til å lytte til, ja nettop Aqua, sine mange slagarar. Min desiderte favoritt må vera låta "Lollipop"- eller Candyman som den kallast blant oss Aqua-groopies.
Men medan eg sat og naut denne songen festa det seg ein tanke i hovudet mitt som eg har hatt vanskar med å forkaste. Eg har ved fleire anledningar funne at bloggen er eit fint utløp for uønska tankar, så difor har eg beslutta å dele det med dykk.
Eg tok nemleg meg sjølv i å livleg fantasere om at min tilkomne var ein sjokolade, og derifrå har det bere utarta seg. Eg vart setande å sjå på han, og klarte ikkje å slutte å glise fordi han ville utgjort ein slager i godtehylla på Tanken (dette er bensinstasjonen på Valle). Eg skulle nok ha begynt med dei mindre vitale delane, som f.eks tåballane, men sakte men sikkert ville eg jobba meg oppover. Det ville naturleg nok vore ein tidkrevjande prosess før eg vart ferdig, det er då tross alt ikkje berre enkelt å fordøye ein 70 kilos Troyka (særleg sidan eg er laktoseintolerant). Men til slutt ville det berre vere øyrene og munnen att. Desse skulle eg spara så han kunne halde med meg selskap. Det ville forøvrig vera svært! Då kunne eg putta han i handveska og hatt han med meg kvar enn eg skulla. Eg ser for meg kor sjov det hadde vore å presentert han for andre. Det hadde vore litt av eit samtale emne, men eg veit ikkje om det hadde blitt nokon vidare samtale etter at eg hadde vist dei innhaldet i veska mi.
Det er ein forbannelse å leva i mitt hovud..
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar