a-woila

a-woila
ostebob

torsdag 11. april 2013

Hvorfor kjøre skoda når du kan gå da? For faen!?

Det var det eg viste at det ikkje løna seg å gå på skulen. Ein forsøkar å presentere eit godt arbeid og vera flittig, men kva er lønna? Jau, det skal eg dela med dykk! Det er nærare 2 timar inneparkert av ein skoda det! Den fyste halvtimen eg venta benytta eg til å forsøke å kontakte biltilsynet (der var eg nr. 36 i køa). Då eg endeleg fekk kontakt med dei fekk eg oppgitt eit namn som eg kunne ringe. Eg ringte og havna av alle ting hos eit bilutleigefirma i Molde. Javell tenkte eg. "Har du leigd ut bilen din til ein som manglar sertifikatet" spure eg. "Nei, slik ville I allder ha jort, I e da iche dom som en steen heller.. De må værra sa luringanj i Ålesunj de serru". "Javoll, kan eg få telefon nummeret?". "Klart du kanj". "Takk som byr, det var deiligt- Adjø". "Adjø". Deretter kontakta eg Herts i Ålesund som med skam innrømte at dei hadde lånt ut ein av sine bilar til ein som per dags dato ikkje satt inne med førarkort grunna utmerka dårleg evne til å parkere. Klassisk Herts! Dei ville diverre ikkje utlevere namnet på låntakaren så eg kunne få gi han ei retterleg skolding, men ville derimot kontakte han sjølv. "Javoll" sa eg. Den siste halve timen benytta eg til å lese meg opp på diverse mestringsteoriar. Etterkvart som eg hadde lese meg opp på emnet konkluderte eg med at eg ikkje hadde evner til å mestre denne situasjonen (i alle tilfeller ikkje på ein heilt gunstig måte). Men i det eg rigga meg til for å parkere ein liten ein på frontruta til vedkommande kom til hell og lykke eigaren av bilen ved sidan av meg og kjaure i veg slik at eg fekk fri passasje.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar