a-woila
ostebob
tirsdag 11. desember 2012
Julegavetips
Høyr no! Eg er endeleg ferdig med mappeinnleveringa mi som skal innleverast i dag. *glede* (Men denne skulle vise seg å vere kortvarig). Eg var klar som eit egg og skulle skrive det ut. Men det syner seg å ikkje vere enkelt! Eg kan sverge på at skrivaren min vil meg til livs! For å førebu meg til utskrivinga har eg, eller rettare sagt Berge-hynen, invistert i heile fire patronar med printerblekk, eg har rensa printerhovudet, ja alt etter føreskriftene. Som dykk forstår manglar det ikkje på god skrivar-behandling her i heimen. Men då eg skulle skrive dei ut i går kveld slo han seg på tverka og hadde nok ein gong slukt den svarte og (for ein eller anna merkeleg grunn) den rosa patrona. Og eg berre KA FAEN? Han er mannevond skrivaren min. Difor set eg no og anar ikkje mi arme råd. Eller jo eg gjer då faktisk det. Fyrst må eg vente på at Lefdal (ps. tels dette som reklame?) skal opne, kjøpe patroner, kjøyre heim, skrive ut, stifte saman blekkene, kjøyre til skulen, og deretter levere inn og signere. Det er rett stressasamt og eg utelukkar ikkje eit lite hjerteatack ut i vegane. I tillegg har herren bestemt seg for at dette var ein fin dag og opne himmelen og gnure hovudbottenen godt. Det er med andre ord ein halvmeter, minst, med snøv ute. Dette er ikkje min kjære superyota heilt fornøgd med, då han ikkje akkurat er dreven på snøvføre. Nok ei dødsfelle eg skal utsettast for. I sitt Bonsaksen-komplott har altso skrivaren min klargjort ein labyrint av dødsfeller for å sikre seg at eg aldri skriv ut eksamensoppgåver igjen. Men no gjekk det akkurat opp for meg kvifor. Eg hadde gløymt at skrivaren er besatt av Ivar Aasen (som naturleg nok ikkje likar at eg har skrive oppgåva i bokmål). Det forklarar saken. Tilgi meg Ivar, eg skal aldrig gjere det igjen<3
fredag 7. desember 2012
Svartedauden anno 2012!
Apropo svartedauden lizzom, eg har fått den. Eg har no lagt i 5 dagar med feber (så høg at eg steikte meg bacon og egg til nattmat, på EGEN BAK), hoste (så intens at eine lunga mi spratt ut i går), smerter i halsregionen (så ille at eg i skrivande stund vurderar å amputere), hovudverk (denne kan forøvrig kurerast ved ein eventuell amputasjon av hals), kvalme (som førte til at det danna seg vakum i toalettet- grunna, ja nemleg, mitt hovud!) og verst av alt eg har ikkje ein gong lyst på snus. Derav diagnosen svartedauden. Så eg bestemte meg då for å ta meg ein tur til legekontoret og må diverre meddele at også dei har havna på mi svarteliste. Nokså ironisk så kan dette få ganske stygge konsekvensar i og med at eg no har fått, ja nettopp, svartedauden. Note to self: begynn å bli ganske god på ordsspel. Scena som utspelte seg ved legekontoret var som følgande: eg kom inn, presis vel og merke, for så å sitte å vente i 45 min før eg slapp inn til legen. Dette er ergelig nok i seg sjølv, men det bøter ikkje på at konsultasjonen med legen tok ca 30. sekund. Vidare vart eg send til labben for taking av blodprøve, nærare bestemt CRP. Resultatet frå CRP: under 8 og konklusjonen var at det ikkje er noko gale med meg. SERRIØST?! Eg kan med sikkerheit sei at dersom CRP-maskina hadde eksistert under svartedauden hadde alle vorte friskmeld. Og vi veit då alle kva resultatet av denne lidelsen vart. Men not to worry, hevnen er søt. Før eg forlot legekontoret slikka eg på alle dørhandtaka for å vere sikker på at svartedauden skulle ramme dei ansatte ved legekontoret like hardt og brutalt som meg sjølv. So kan dei måle egen CRP når dei har hovudet godt planta ned i dasskåla.
Adjø mine gode vener, enden er nær og frå her eg står er det ikkje lys innerst i tunellen, den er svart som natta..
fredag 20. juli 2012
Heheeei:)
Eg tenkte at eg måtte gi dykk ei lita oppdatering over kva eg har gjort i sumar.
Sumaren starta med ei vekes besøk av min yngste nevø, då foreldra fann det for godt å reise til Venezia. Mistforstå meg rett, vi hadde det rett så triveleg heime i kalde Noreg vi. Vi tilbrakte store delar av veka på sofaen saman med Scooby doo. And let me tell you, det er sanneleg ein stykk intelligent hund! Eg kunne gjerne tenkt meg besøk av Scooby då eg no er overtydd om at kaninen min går att i leiligheita. Eg er forøvrig ikkje sikker på om han er død, men eg har gitt han vekk og er ganske sikker på at han ikkje overlevde første natta i ny heim...
Den andre veka tilbrakte vi i Eikesdalen i Camp Hagås. På dagtid mekka vi spikertelt til campingvogna til systra mi og på kveldstid gjekk det med overaskande store mengder alkohol. Og tru meg.. Hagås-klanen er ikkje så reint tamme etter at klokka bikkar fire på ettermiddagen.
Resten av sumaren har eg rocka heimesjukepleien. I tillegg til dette har eg og Stinebons planlagt og gjennomført utdrikkingslag for syster Irene. Stor SUKSESS og ein verkeleg augeopnar for meg sjølv! Kven skulle vell tru at småbarnsmødre som tilbringjer dagane med å vaske hus, klede og barnerumper kunne vere så "skitne"..? (note to self. fan e bjyn å bli go på ordspel.)
Med andre ord. Ein riktig så innhaldsrik sumar. Og eg har meir i vente!
Til helga skal eg i gebursdagsselskap til mi kjære G-man og i august/september forlet vi Steinvågen og flyttar til Valle. Gledar meg stort til begge deler!!:)
Sumarklem frå minstebons<3
tirsdag 12. juni 2012
Ein heilt vanleg samtale mellom me og mine gode venar Malin og Karoline:
Eg seier:
Malin mi eg likar deg,
vil du gifte deg med meg?
Vi buset oss på Ljøen-gard,
graset mjukt, høy-gaffel hard.
Eg lovar eg skal passe deg,
når du saudane opp frå hammaren dreg.
Eg strikkar vottar, du tovar ull,
dette blir jammen ikkje tull.
Så spelar vi spel og turistar jagar,
denne ide'en meg ikkje plagar.
Malin seier:
Dette diktet gjorde meg gla
strikke og tove, det er klart vi ska
leve det fantastiske livet på ljøen gård
å jage saude til vi blemmer får
det vil vere en draum for meg
å tilbringe fine ljøendagar med deg
å kanskje litt bezzer spele
menst vi ei kake dele.
Eg seier:
Bezzer-speling til langt på kveld,
i mørke natta eg handla di held.
Peparnøtt og peparkake,
dypper lys og set dei i stake.
Hitler-Tyskland und das Boot,
øl i hand, eg masserar din fot.
Eg lovar deg dine beste dagar,
medan snøfonna over våre haud ragar.
Karoline seier:
herregud du ekje go
gjeld forresten begge to
om ditte skjer en gong i tida
merk mine ord, no eller sia:
-om dåkke jobba der på skift
blir ljøen nok ei verna bedrift
og om ditte no en gong sku skje
- he dåkke då en jobb til me..?
Eg seier:
Polakk-karro skal jammen slave,
male hus og i bakkane trave.
lage mat, alt mulig kvinne,
kaste på silo og hekkane trimme.
På Ljøen-gard du arbeid skal få,
fekje sjukmelding om du skadar di tå.
Hær er det ingen kjære mor,
vi vil også tilsettje OE din bror.
Malin seier:
Ja, det som ingunn seier
Ljøen gard treng budeier
På ljøen gard skal du få slave
og med saudene kave
Det blir slett inge bøn
der er berre i himmelen du får løn
For om arbeidsoppgåvene er det rift
oppe på riksveg 60 si verna bedrift
Karoline seier:
rykta sei at køa er lang
garden ei stor, og porten er trang
arbeidskraft er ingen mangel
stødige folk? nei her er det sjangel
eg tek med min bror og bankar på
"her er det udugeli folk å få!"
eg vimar rundt og knaskar IFA
bruttern kan kun å spele fifa
værsågod, vi er ein fryd
frister det, so gi ein lyd.
Malin seier:
Vi skal vurdere dette med et nøye aue
Men viss dykk likar saue
er sjansen stor
for både deg og bror
å få arbeid på øvste Ljøen
Kanskje får dykk snike i køen
Men dette blir ei vurderingssak
så berre ha tolmod så ringer vi te'bak.
Eg seier:
Karoline din bror,
er både brautande og stor.
Ein ekte helt, ein muskelmann,
ikkje rart han i langrensløypa vann.
Karoline du har familiens hjerne,
å tilsettje deg oss ynskjer gjerne.
Men kan du løfte saudar stor,
nett like bra som din veslebror?
Karoline seier:
enda bedre, hør no her
saudecowboy rett eg er
eg fekk aldri hest som liten
hjerna mi var ikkje sliten
kjøpte meg ein hatt og sadel
følte meg som ekte adel
cruisa rundt, var skikkelig feit
hadde ekte rånegeit.
Eg seier:
rånegeit, de finst itt likar,
på Hellebostad alle bilane vikar.
med rånegeit ein kjem seg fram,
men bukkane kan vere ram.
kva sa dei då når du for med hoppa,
sædantallet mest truleg droppa.
tjukke-karro eg trurkje på,
på Hellebostad alle barna e små.
værtfall når det kjem til fettprosent,
men når ein skal møtast ein må stå på vent;)
Malin seier:
Kva er dette med rånegeit?
Og dette med å vere feit?
Ta med geita og ein sadel
så skal vi gjere deg til ekte adel
av øvste ljøen gard
ingen kjem til å vere so stolt som din far
for gløm master ,ntnu og gløs
og velkommen til livet som Ljøentøs.
det er mykje betre å ete nete med meg og gunda
enn å lese på formlar og dritt til du deg sjølv rundar.
Eg seier:
Eg er enig med Malin, A-man.
Det er betre å vere tidleg ute en alt for sæn.
Så send inn søknad og kom til Ljøen,
betre de enn å drukne på sjøen.
Hær får du arbeid og mat i fleng,
Malin betalar med sjømat-peng.
Til slutt vil eg supplera med:
Eg trur nok at min far og mor blir stolt,
for å få slik ein hærleg arbeids-jolt.
Vi skal settje garden i stand,
rake vekk all grus og sand.
Kaste på silo og settje opp hesjær,
rydde opp om geita bæsjer.
Og når det so vært forings-tid,
ringer vi til Ola Lied.
Han leser høgt frå norrøn-edda,
samstundes vi alle saman vedda.
Eg kan jobbe hardare enn du,
og saman vi arbeidar huttemegtu.
Arbeidet går unna og vi vert ferdig,
arbeidarar som er Ljø-namnet verdig.
Vi set oss ned og spelar Bezzer,
lasagne vi på fatet lesser.
Fornøgde med endt arbeidsdag,
vi nyter no eit måltid no ilag.
Legg oss tidlig for vi skal tidleg opp,
å bu på Ljøen er aldeles topp:)
mandag 11. juni 2012
Vekas sangtekst:) Eg likar eg likar eg likar ALOT:)
Diggidiggidiggidingdingding, här glider kingenin
Diggidiggidiggidingdingding, här glider kingenin
Diggidiggidiggidingdingding, här glider kingenin
Diggidiggidiggidingdingding, här glider kingenin
Jag kom från ett land, bestod av skägg och sand
Lämnade min mattaffär,vikingland nu är jag här
Tjejer till höger, oh ah, tjejer till vänster, oh ah
Togs emot öppen arm, tullen tömde hela tarm
Hemma fanns ingenting, nu ser jag bara string
Blir glad i min dingding, här vill jag vara king
Kom shejka med shejken
Kom alla nu jalla!
Kom dinga med dingen
Kom kinga med kingen
Diggidiggidiggidingdingding, här glider kingenin
Diggidiggidiggidingdingding, här glider kingenin
Diggidiggidiggidingdingding, här glider kingenin
Diggidiggidiggidingdingding, här glider kingenin
Hela landet spinn, när kingen glider in
Diggidingdingding, här glider kingenin
Här finns det blingbling, schampoo och surströmming
Slottet är min lägenhet, fjärde hand och ingen vet
Granar till höger, oh ah, granar till vänster, oh ah
Hemma bra, borta bäst, slipper ha skottsäker väst
Är det en eller ett, fett och etikett
Är det av eller på, va fan ska skåpet stå
Kom shejka med shejken,
Kom alla nu jalla,
Kom dinga med dingen,
Kom kinga med kingen,
Diggidiggidiggidingdingding, här glider kingenin
Diggidiggidiggidingdingding, här glider kingenin
Diggidiggidiggidingdingding, här glider kingenin
Diggidiggidiggidingdingding, här glider kingenin
Hela landet spinn, när kingen glider in
Diggidingdingding, här glider kingenin
Köttbullar, jävvla bra!
Ikea, jävvla bra!
Carola, inte så bra,
Annars är de jävvla bra!
Abba, jävla bra!
Svarttaxi, jävla bra!
Skattverket, inte så bra,
Annars är det jävvla bra!
Carl den sexetonde Gustaf, håll ett ögat på din tron
För här kommer Kingen, Sean den förste banan! Ha ha ha
Diggidiggidiggidingdingding, här glider kingenin
Diggidiggidiggidingdingding, här glider kingenin
Diggidiggidiggidingdingding, här glider kingenin
Diggidiggidiggidingdingding, här glider kingenin
Hela landet spinn, när kingen glider in
Diggidingdingding, här glider kingenin
Hela landet spinn, när kingen glider in
Diggidingdingding, här glider kingenin
Read more: http://artists.letssingit.com/melodifestivalen-lyrics-sean-banan-sean-den-forste-banan-ktlr67w#ixzz1xW6N4h6R
LetsSingIt - Your favorite Music Community
tirsdag 15. mai 2012
Eg fekk ein førespurnad frå ein kjær ven (G-man) på fjæsbokji om dette biletet kvalifiserar seg som ein ekte "bloggarpose", og det vil eg vitterleg tøre å påstå. And yes indido, her er det - my supahpose with my supah-sister (som forøvrig har flykta til Spanien på tross at eg tviheld so godt eg berre makta).
likar, likar ikkje
Eg likar at det snart er sumar:)
Eg likar ikkje at det framleis kjennast ut som det er januar!
Eg likar snus og øl:)
Eg likar ikkje snus saman med øl!
Eg likar å vere på fjellet:)
Eg likar ikkje å gå dit!
Eg likar å bake:)
Eg likar ikkje når Berge-guten seier at maten min ikkje er like god som mor hannar sin når eg har stått heile dagen på kjøkkenet og laga mat!!!!!
Berge: Du har herved hamna på mi svarteliste og eg har ikledd meg mine beste ulltruser!
Når dette er sagt går eg ut i frå at dykk andre gjerne skulle smaka mine bakarverk og eg ynskjer dykk velkomne. I dag har eg nemleg laga kransekakestenger, duppa jordbær i både kvit og mørk sjokkolade, samt baka to riktig så store loffar. Alt dette for min kjære, som i staden for å prise meg som den gudinna eg er, vel å kritisere mine kransekakestenger. Dette finn eg aldeles urettvist og legg meg føre, med leppa godt under knenivå!
Trøstande ord tek eg i mot med velvilje!
Abonner på:
Innlegg (Atom)
